The Adventures of Buckaroo Banzai Across the 8th Dimension var ein stor nedtur. Det er mange grunnar til det, men i stor grad kokte det ned til Peter Weller og at filmen prøvde for hardt å vere morosam.
Peter Weller er Banzai i filmen. Noko er feil med Peter Weller både her og i andre roller. Som at han stadig skal vere kul, men aldri har ei slik utstråling.
Historie og handling er sprø nok til å underhalda. Det heng berre ikkje godt nok saman. Filmen blir eit uinteressant samansurium utan motivasjon og godt driv. Trass i kritikk, det er innimellom eit lyspunkt med kjenneteikn frå 1980-talet.