
The African Queen
Krigen er komme til Afrika der Mr. Allnut (Humphrey Bogart) held til med båten sin, The African Queen, som også er namnet på filmen. Han går i lag med Miss Sayer (Katharine Hepburn), og saman legg dei ut på reise nedover ei ugjestmild elv.
Strie elvestraumar, naturlege hindringar og ulike personlegdommar skapar høgdepunkta sine under ei reise der me er vitne til ytre påkjenningar som mjuknar opp to sjeler med vidt ulik bakgrunn.
Filmen er først og fremst morosam, men har også god dramatikk. Han held seg godt heile vegen. Det er alltid kjekt å sjå to personar bere ein film godt som her.
Humphrey Bogart og Katharine Hepburn får òg mykje av æra hjå Virginie Pronovost på The Wonderful World of Cinema (thewonderfulworldofcinema.wordpress.com). Ho trekker fram den meir avslappa, komiske sida til Humphrey Bogart og korleis Katharine Hepburn gir Rose mot og eventyrlyst. Det er ein fin måte å sette ord på kvifor dette paret ber filmen så godt. Dei ulike eigenskapane deira gir plass til både latter, dramatikk og varme.
