
The Amputee
David Lynch skreiv eit hastemanus på eit døgn som blei til The Amputee. Eigentleg er dette ei utprøving av nytt kamerautstyr for AFI, som David Lynch overtala til å få meining.
Ei dame (Catherine E. Coulson) med amputerte bein tenker usamanhengande ord med forteljarstemme mens ein pleiar (David Lynch) reinsar såret på det eine beinet. Nysgjerrigheita her ligg i kva ho eigentleg tenker omkring. Sidan det var to kamera som skulle prøvast ut blir me vist to opptak av ei lik scene, det er eit opptak for mykje.
Dei to opptaka er noko av det Christian finn mest interessant på Tomobiki Märchenland (tomobiki.blogspot.com), sjølv om han reknar kortfilmen som eit av dei minst vesentlege eksperimenta til David Lynch. Han meiner det har verdi å samanlikne variantane av same situasjon. Eg opplever snarare den andre som eitt opptak for mykje. Her skil nysgjerrigheita på sjølve eksperimentet seg frå kor mykje eg får ut av å sjå scenen om igjen.
