
The Animatrix
Ni korte animasjonsfilmar eller segment utgjer The Animatrix, ei samling med historier sett til The Matrix-universet. Eg kan like godt sei det først som sist, dette er min favoritt blant alt av The Matrix-relatert film som har komme ut.
Final Flight of the Osiris handlar om mannskapet på eit sveveskip som skal åtvare ein by om eit kommande angrep.
The Second Renaissance, Parts 1 & 2 er historia om krigen mellom menneske og maskin. Om korleis menneske nådde toppen, og korleis The Matrix oppstod.
I Kid's Story blir ein tenåring kontakta av karakteren Neo frå The Matrix, og klarer å rømme frå systemet.
Program handlar om to krigarar som slåst i ei treningssimulering. Ein forråder mannskapet sitt og drar tilbake til The Matrix-systemet.
I World Record klarer ein sportsmeister å bryte seg laus frå The Matrix på grunn av fysisk styrke under eit rekordforsøk.
Ei ung kvinne leitar etter katten sin i Beyond, og forvillar seg inn i eit hus som på grunn av ein systemfeil blir opplevd som heimsøkt.
Ein privat etterforskar, Ash, sporar i A Detective Story ein hackar med namn Trinity.
Matriculated handlar om ei gruppe menneske som fangar ei maskin og tuklar med maskinvaren.
Filmane er enten animert i anime-stil eller meir typisk tredimensjonal dataanimasjon, og det meste ser i grunn ganske bra ut. Historiene er kompakte og oppnår så mykje betre enn nokon av filmane å gi innblikk i mange ulike sider av universet, utan at det blir for mykje av det gode.
Den korte forma får òg ros på PekoeBlaze (pekoeblaze.wordpress.com), særleg i omtalen av World Record. Skribenten meiner denne historia er konsentrert og fungerer godt på eigne premissar, men finn samlinga meir ujamn enn eg gjer. Det er eit nyttig skilje. Eg likar kor mange sider av universet filmane opnar for, medan det òg går an å føretrekke dei innslaga som samlar seg om ei avgrensa historie framfor å forklare meir av bakgrunnen.
