The Art of Getting By - Filmdagbok

The Art of Getting By 2011

George Zinavoy er ein rar fyr. Han har få venner, negative tankar og er dårleg med skulearbeidet. Men han er ikkje portrettert som ein depressive fyr, og har eit talent for teikning. Og rektoren og lærarane ser eit potensiale, sjølv om han ligg an til å stryke det siste året på high school.

Så møter og blir han kjent med Sally Howe. Dei blir venner, og George får så fleire venner. Men når han byrjar å like Sally meir, blir situasjonen vrien.

The Art of Getting By er mange ting. Det er denne skildra historia om ein gut som blir forelska i ei venninne, men der ho ikkje blir forelska i han. Det er ei historie om ein misantropisk ungdom, og om problema til familien hans. Alt er gjort med eit glimt i auge. Det er ein lett film, der hovudproblemet er ein karakter som tar for lett på ting. Berre her og der hevar karakteren seg og tar ansvar for seg sjølv. Men det er desse stundene med å gjere ein innsats for sitt eige liv som gjer at eg likar filmen.