Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Art of Racing in the Rain (2019)

The Art of Racing in the Rain

Film
3

The Art of Racing in the Rain handlar om livet til ein racingbilsjåfør. Me møter Denny (Milo Ventimiglia), som driv med racing. Han går til innkjøp av ein hund som han gir namnet Enzo. Etter kvart får han kone og barn, og karrieren går vidare. Alt saman blir fortalt med ei svært personleg stemme, fortalt gjennom augo til Enzo.

Dette er eit drama- og komediefilm som siktar inn mot å både treffe oss med svært alvorlege livsskildringar, samt glede oss med humoren som hunden sitt syn på menneskeoppførsel gir. The Art of Racing in the Rain er ei berg- og dalbane av kjensler, som han treff passe godt på. For min del blir det aldri dei høgaste toppane eller lågaste dalane. Men eg set pris på denne type film, og likar historia han fortel om dei mange åra som går frå Enzo kjem inn i livet til Denny til hunden blir gammal.

Grunnen til at eg likar dette er nok også ein del fordi han minnar meg om filmane basert på bøker av Nicholas Sparks. Det er ein dose romantikk her. Filmen ser lekker ut. Musikken er stemningsfull. Og det er gode skodespelarar i fine rollar.

Marie-Rose Domenichini på Talkies Network (talkiesnetwork.wordpress.com) får også assosiasjonar til Nicholas Sparks, særleg The Longest Ride. Ho meiner dei kjende romantiske grepa fungerer fordi filmen gir plass til familieband og små stunder me vil ta vare på. Det ligg nær det eg likar her. Dei store kjenslene treff ikkje alltid sterkast, men historia har eit varmt blikk på livet som går undervegs.