Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford (2007)

The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford

Film
4

Eg er ingen spesialist på western, så når eg seier at The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford ikkje verkar som ein tradisjonell western kan det godt vere eg tar feil.

Filmen gjer mindre ut av å vere ein western enn eg er vant til. Men skytinga er rå som satan, og spesielt skarp på lydsporet. Dette og meir imponerte meg.

Mykje likte eg at filmen fortel historia utan å kaste vekk tida, og held stand etter det opplagte har skjedd.

At filmen held fram etter den varsla hendinga, blir også verdsett av Jared Mobarak på Jared Mobarak’s Film Reviews Blog (jaredmobarakreviews.wordpress.com). Han meiner etterordet gir meir form til motiva som har drive historia, og finn det langsame tempoet oppslukande heller enn kjedeleg. Det passar godt med kjensla mi av ei fullstendig oppleving. Historia er ikkje brukt opp berre fordi tittelen har fortalt oss kva som skal skje.

Skryt går òg til Brad Pitt og Casey Affleck for deira innsatsar.

Filmen er blant dei mest fullstendige opplevingane eg har hatt denne hausten på filmfronten.