Eg er ingen spesialist på western, så når eg seier at The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford ikkje verkar som ein tradisjonell western kan det godt vere eg tar feil.
Filmen gjer mindre ut av å vere ein western enn eg er vant til. Men skytinga er rå som satan, og spesielt skarp på lydsporet. Dette og meir imponerte meg.
Mykje likte eg at filmen fortel historia utan å kaste vekk tida, og held stand etter det opplagte har skjedd.
Skryt går òg til Brad Pitt og Casey Affleck for deira innsatsar.
Filmen er blant dei mest fullstendige opplevingane eg har hatt denne hausten på filmfronten.