Ei ung kvinne er assistenten til ein kjent filmprodusent. Ho er tidleg på jobb og går seint heim. Arbeidsmiljøet er anstrengt, og ho gjer mykje dritarbeid. Samtidig ser me aldri produsenten, som framstår som ein uføreseieleg type i bakgrunnen. Og etter kvart oppdagar assistenten at han driv med uetiske handlingar. Filmen leverer godt som ein film som ikkje seier for mykje, men går litt trått i blant.
