Bonden Charles Farmer (Billy Bob Thornton) har ein draum om å bli astronaut. Han er itdanna som ingeniør og er spesialisert på maskineriet til rakettar, og har eit godt grunnlag til å bygge sine eigen rakett.
Eg såg verkeleg fram til denne filmen, og blei vel straks litt skuffa når han viste teikn til ei svak oppbygginga og lite utvikling. Svakheita er at det er middelmåtig og nærast uinteressant altfor lenge, styrken ligg i at dette som handlar om draumar og håp ikkje blir den sentimentale suppa som eg ofte får.
Men når det først byrjar å skje saker og ting, blir eg oppslukt i handlinga og sit ei stund med ein klump i halsen. Om det som skjer er truverdig er vel så som så, og måten det blir fortalt på er ikkje den beste i mine auger, men som eit drama som gir gode kjensler er dette ingenting å utsette noko på.
Uansett, eg kjem ikkje utan det litt for låge tempoet i store delar av filmen, som heller ikkje klarar å etablere den heilt store stemninga.