Bikur Ha-Tizmoret er ein israelsk komedie om eit egyptisk politiband på turne i Israel. Eigentleg på veg til Petah Tikva tar dei feil buss og hamnar i Bet Hativka, ein livlaus forstad utan korresponderande buss på ettermiddagen. Dei få folka dei møter i Petah Tikva viser etter kvart nokolunde gjestfridom, og opphaldet blir prega av at egyptarane våre i stor grad er høflege og ganske stillferdige.
Av handling byr dette på lite, humoren er forsiktig om nesten ikkje eksisterande, men ligg nærare overflata enn dramaet. Lite lyd både på musikk- og talesida gjer dette til ein film som spelar mykje på gestane til menneska, og på det selskapet høflege israelarar og egyptarar har tvinga inn på kvarandre.
Viktig er det å ha i tankane ikkje-arabiske israelarar si generelle oppfatning arabarar. Forholdet desse i mellom er vanskeleg å skildre då det sjeldan er direkte fiendtleg, men mange fordommar er ikkje til å unngå. Bikur Ha-Tizmoret er ikkje ute etter å gripe fatt i ei slik problematisering, dette er noko som automatisk glir inn i bilde i møtet mellom orkesteret og dei lokale i Bet Hatikva.
Som skildring av Israel er Bikur Ha-Tizmoret inne på noko. Av eiga erfaring med landet synst eg han får fram mange vesentlege detaljar, som når kamera sveipar over dei militære bilda på kaféveggen tidleg i filmen. Her gjer ikkje filmskapar Eran Kolirin stort nummer ut av militære og korleis det israelske samfunnet i stor grad er bygd opp på tenester vernepliktige utfører, men hintet er til stades. I blant ser filmen seg nøydd til å overdrive ved å gjere situasjonane sine i overkant av rare for å gjere stemninga lysare, slikt må nok til. Stort sett er filmen likevel diskret.
Bikur Ha-Tizmoret, som forøvrig heiter The Band's Visit på engelsk, er i og for seg ein fin film med lite å utsette på forutan nokon langdryge sekvensar. Han satsar aldri mot toppen, eller framstår iallfall ikkje slik for meg, og blir aldri meir enn ein god film utan hjerneføde som set fart i små grå.