
The Batman vs. Dracula
Den sprø tittelen gav meg ingen voner om ein spesielt god Batman-film. Der blei eg godt overraska. Sjølv om The Batman vs. Dracula skil seg mykje frå dei andre animerte Batman-filmane i full lengde, er han ein av dei tøffaste.
Denne skil seg ut ved at Kevin Conroy ikkje gir stemme til Batman. Animasjonsstilen er enklare og meir moderne enn den klassiske, firkanta stilen frå dei fleste andre filmane. Han hentar også ein superskurk frå utanfor DC-universet. Ingenting av dette er negativt for filmen, som er mørkare enn serien han er laga i kopling til (The Batman, 2004–2008).
Peter Stormare gir stemma til Dracula og i tillegg dukkar både pingvinmannen og Jokeren opp akkurat sånn eg har lyst å sjå dei. Trusselen Batman står i mot er av den grad at eg ikkje ser ei enkel løysing ligge fram i tid som skal ordne alt opp på ein blunk. Eg irriterer meg ikkje over at Batman lett kunne ha fiksa opp i problemet, for når problemet blir kjent for han er det allereie blitt utvikla til eit seriøst eit.
Vampyrutgåva av Jokeren gjer særleg inntrykk på Taliesin Meets the Vampires (taliesinttlg.blogspot.com). Omtalen rosar den stiliserte kampen mellom han og Batman og meiner Kevin Michael Richardson gir stemma ein farlegare klang. Det treff noko av det eg likar ved denne blandinga. Dracula blir ikkje berre ein gjest i eit kjent univers, men endrar også trusselen frå dei skurkane me kjenner frå før, slik at Batman verkeleg må finne nye svar.
Dracula har med seg kjente element og tilfører like mykje til filmen som Batman. Me slepp masete hjelparar som Robin og Batgirl eller Batwoman, så alt kviler på skuldrene til Batman. Me får innblikk i privatlivet til Bruce Wayne, og Alfred gir inntrykk av å vere eit hjelpemiddel og ikkje berre ein usynleg og vittig skugge i bakgrunnen.
Kanskje det er litt Van Helsing-preg over historieforløpet, men Batman er aldri andre enn seg sjølv og det gjer filmen sjåverdig i Batman-samanheng. Ikkje alt er perfekt, det forventast heller ikkje av ein rett på video-produksjon som spinn av ein enkel serie.
