
The Beach
Richard (Leonardo DiCaprio) vil oppleve spenning, reiser til Thailand, møter Daffy (Robert Carlyle), får eit kart som viser vegen til draumestronda, tar med seg eit fransk kjærastepar, reiser dit, møter trøbbel på vegen, finn eit paradis beståande av unge folk frå vestlege land og hamnar etter kvart i trøbbel.
Danny Boyle fangar tida filmen kom ut i på ein god måte. Her er populærmusikk eg kjenner godt igjen, og unge menneske med eit vridd bilde av kva verda kan bli. Dei må konfrontere ein brutal realitet, men filmen behandlar dette på ein smått overflatisk måte. Hovudrolleinnehavaren har i ettertid vist at han kan gjere det langt betre enn her.
The Beach er litt for dramatisk, ein smule for tøff og romantiserer eit hakk for mykje til at eg vil ta han for god fisk. Han hamnar litt over på sida over filmar som prøver for hardt utan å få det til, samtidig som han har manglar. I løpet av innleiinga får The Beach preg av å oppsummere ein gang i handlinga framfor å involvere karakterar på fangande vis.
Ein langt meir begeistra reaksjon finn eg hos Van Roberts på Cinematic Revelations (vanscineblog.blogspot.com). Han ser filmen som eit ambisiøst oppgjer med draumen om paradis, og rosar både dei uventa vendingane og karakterane. Det er interessant at det eg opplever som overdrive, for han blir ein del av krafta. Eg ser ambisjonen, men saknar framleis ei sterkare involvering i menneska bak det store dramaet.
