Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Beautiful Country (2004)

The Beautiful Country

Film
3

Den dramatiske filmen til Hans Petter Moland om den vietnamesiske guten Binh (Damien Nguyen), som har hatt ein hard oppvekst fordi han er bui doi. Å vere bui doi betyr at han har vietnamesisk mor, men amerikansk far som var soldat i landet under Vietnam-krigen.

Binh veks opp på landet, men blir kasta ut på grunn av plassmangel når eine jenta i huset skal gifte seg. Han får vite at mora hans framleis lever og reiser for å finne ho. Vidare involverer filmen blant anna ein lang og hard reise til USA.

Filmen er over to timar lang, og kjem i kategorien over lange filmar som eg har vanskeleg for å sette meg ned med. Men på ein laurdagskveld som det er, så har eg hatt god tid til å sjå han. Eg slapp å føresjå mykje av det folk gjorde, og avgjerslene dei tok. Det er noko eg sit att med frå filmen. Eg kunne halde fram med å sjå utan å vite korleis det skulle gå.

Om slutten var overraskande kan jo heller diskuterast, men vegen dit var verkeleg ei sterk historie, og innehar ein del tragiske episodar. Filmen handlar om håp for det betre, enn at forandringar faktisk skjer. Akkurat når du trur folk er på veg til å bli betre personar, så blir du skuffa. For her er det ingen som svingar med tryllestaven.

Tittelen The Beautiful Country har meir enn ei meining. For Binh er det USA som er det vakre landet, for Steve (Nick Nolte) er det Vietnam som er det. Om desse landa utelukkande kan bli kalla vakre bør også bli teke opp for diskusjon, for bilde me får i filmen er til tider langt frå det tittelen lovar.

Filmen er til sjuande og sist vakker. Både på bilde- og musikkfronten blir det lagt opp til det rolege og skjønne.

Nick Schager på Slant Magazine (slantmagazine.com) meiner landskapa og dei nære bileta av Binh gir reisa både skjønnheit og tyngd. Han rosar også at slutten ikkje ryddar bort alle såra eller gir ei enkel forsoning. Det passar godt med tanken min om håp framfor ei fullført forandring. Bileta kan vere vakre utan at livet blir lettare av den grunn, og filmen bevarer noko av styrken ved å la begge desse sidene vere til stades.