The Believer - Filmdagbok

The Believer 2001

Ein ung Ryan Gosling på 21 år spelte tidleg i si karriere i dette American History X-liknande dramaet, om ein nynazistisk ung mann i USA.

Filmen handlar om ein jøde som er nynazist og hatar jødar. Me møter han når jødehatet hans er på topp, og følger han vidare i si personlege utvikling.

Det er ingen fantastisk produksjon. Den tekniske gjennomføringa er ganske så middelmåtig, men skodespelet av Ryan Gosling er stort sett bra.

Andre kjente skodespelarar krydrar også opplevinga med nærværa sine. Mange av folka i gjengen til hovudrolla har gått vidare og blitt kjente ansikt i mang ein serie.

Eg tykte at The Believer var ein heilt grei film, men ikkje noko meir. Eg meiner at han er prega av at han på ingen områder klarar å utmerke seg, og då blir totalen samla sett ein film som ikkje er merkbar. Tilfeldigheitene hadde det til at eg kom over filmen.