The Best of Me - Filmdagbok

The Best of Me 2014

Amanda og Dawson var eit par som fall for kvarandre i tenåra. Dei var den store kjærleiken til kvarandre, men blei tvinga bort frå kvarandre. 20 år seinare møtes dei igjen då ein felles kjent har gitt dei arven sin, med visse krav som må bli oppfylt.

Michelle Monaghan og James Marsden har hovudrollene i denne filmatiseringa av ein Nicholas Sparks-roman. Dei har kjemien som trengs for å skape truverd rundt historikken til Amanda og Dawson. Dette er ei kjærleikshistorie på tvers av tid, eit velkjent fenomen i fleire av bøkene til Nicholas Sparks. Tid som den største effekten som ventetid der kjenslene ligg i dvale, der situasjonar og livet har laga hinder i løpet av tida, hinder som kjenslene møter når dei oppstår igjen.

Det høyres klissete ut, iallfall tykkjer eg det. Det er klissete, men det er også ein veldig fin film. Blandinga av notid og fortid er god, og gir meg lyst til å få vite meir om begge deler. Informasjonen er dosert sånn at eg får vite nok heile vegen, men alltid har lyst å vite meir. Det er nok innblikk i psyken til personane og kva livssituasjon dei er i. På denne måten fungerer kjærleiksdramaet nesten optimalt. Små episodar her og der blir litt for opplagt, som enkelte hinder og utfall. Det betyr lite for meg, for dette er ikkje ein film eg forventa skal nyskape i stor grad, men heller vere eit godt handverk innanfor sjangeren sin.