
The Better Angels
Brit Marling var grunnen til at eg valde The Better Angels. Etter fleire gode filmar med henne tenkte eg at ho kunne velje interessante prosjekt. Det gjer meg villig til å prøve ei historie som ikkje eigentleg ligg midt i favorittlandskapet mitt.
Filmen ser på barndommen til Abraham Lincoln (Braydon Denney) i Indiana tidleg på 1800-talet. Livet er prega av arbeid, natur og familien. Mora Nancy Lincoln (Brit Marling) er ein del av dette livet.
Eg synest filmen får fram realismen og dei harde tidene på ein god måte. Tematikken er ikkje den eg kjenner størst dragning mot. Likevel er gjennomføringa god nok til at eg får noko ut av besøket.
James Lattimer på Slant Magazine (slantmagazine.com) meiner dei vakre svart-kvitt-bilda glattar over for mykje. Han finn også ei form som skuldar Terrence Malick svært mykje. Me opplever altså tilnærminga til dette livet ulikt. Eg finn meir å tru på enn han gjer.
Det blir ingen favoritt. Eg får likevel ein god nok film av å følge eit skodespelarnamn inn i eit litt mindre freistande stoff.
