Med westernfilmar er det ikkje alltid godt å vite kva ein får. Det kan vere alt frå lette til tunge, og frå enkle til kompliserte.
The Big Land er mest lett og enkel, men har rom for alvor og mykje spenning.
Ein mann leiar kveget sitt og andres frå Texas til Missouri for å selje det, men får berre ein tiendedel av prisen han vil. Ein usmakeleg kjøpar har pressa ut alle andre kjøparar. Og det er ikkje aktuelt å føre kveget tilbake.
Den dårlege prisen øydelegg venskapet med dei andre kvegeigarane, som meiner at det er hans feil. Og difor legg han i veg i ei anna retning enn Texas etter salet er gjort.
Undervegs møter han ein kar, og får ein god forretningside. Men det krev høg innsats på alle hald for å gjennomføre.
Det er ei spenning i filmen som er til å ta og føle på. Eg veit at noko dårleg vil skje, og eg veit kva, men likevel er det nervepirrande å vente.
Helten vår er likandes. Han seier berre akkurat passe mykje. Han ansvarleggjer folk. Nokre feil kan han også gjere, men alt i alt er han eit førebilde.
Filmen har også gode poeng. Spesielt eit skulle eg gjerne ha gjengitt her, men eg er redd det øydelegg for dei som eventuelt vil sjå filmen. Men det går ut på noko sånt som at å styre unna farar ikkje nødvendigvis er måten å overleve på. Ein westernfilm som fortel noko på flere nivå er ofte eit pluss.
Eg hadde ingen forutsetningar for å vite kva eg gjekk til med The Big Land. Lista over westernfilmar eg vil sjå er lang, og årsakene er ulike. Så kva eg endar opp med å sjå, og kva ein film byr på er så forskjell. Slik sett var The Big Land ei positiv overrasking.