The Big Short - Filmdagbok

The Big Short 2015

The Big Short er blant dei beste og mest solide filmane til regissøren Adam McKay. Han står bak mange gode komediar, men The Big Short siktar mot å vere meir, og lukkast med det.

I korte trekk fortel filmen om folk som føresa og satsa pengar på at finanskrisa i 2008 skulle skje. Historiene som blir fortalt i filmen tek for seg korleis det vart oppdaga, kva dei gjorde med det, korleis dei ikkje blei høyrt på, og kva som var grunnen til krisa.

Utan å gå innpå kva som er sant og rett med denne filmen, så er det godt fortalt. Det er mange detaljar, mange folk og mykje som blir sagt i løpet av dei to timane filmen varer. Fordi alt som blir sagt er viktig for å få utbytte av filmen, blir all snakking interessant, og resultatet er ein oppslukande film. Ved å innehalde så store mengder informasjon som han gjer, undervurderer ikkje The Big Short publikummet sitt. Samtidig tek filmen seg tid til å forklare ting, og overvurderer dermed heller ikkje publikummet sitt. Det er ein fin balanse.

I tillegg til å vere ei fengslande oppleving, er det ein god komedie. Filmen tek mykje i. Karakterane er gode karikaturar, og dei brukar store ord. Poeng skal ytrast, og det blir ikkje gjort ved å underdrive.