Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Big Sleep (1946)

The Big Sleep

Film
3

I The Big Sleep menger Humphrey Bogart seg med det som må vere den vakraste amerikanske skodespelaren frå 1940-talet. Stadig flørting er ved sidan av ei innvikla drapssak dei viktigaste ingrediensane her.

Eg følte meg ganske dum når eg såg på, for i The Big Sleep skjer det så altfor mykje til at eg klarer å få med meg alt. Litt av gleda drukna vekk i alle trådane og namna. Det er dermed ikkje sagt at eg avskydde filmen, for eg fekk sjølvsagt med meg dei viktigaste poenga, og kjemien mellom Humphrey Bogart og fleire av dei ulike kvinnene er solide saker. Deriblant Lauren Bacall.

Skribenten på Classics Unpantheoned (classicsunpantheoned.blogspot.com) slit òg med å halde styr på dei ulike trådane, og meiner forvirringa svekker interessa for løysinga. Men der eg finn mykje å like i flørtinga, synest omtalen samspelet mellom Humphrey Bogart og Lauren Bacall er for påteke. Det viser ganske godt kva som held filmen oppe for meg. Eg får ikkje tak i alt mysteriet, men har framleis personar og møte å feste meg ved undervegs.