Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Birth of a Nation (1915)

The Birth of a Nation

Film
3

The Birth of a Nation er ein av dei filmane eg visste eg burde sjå. Filmen kom i 1915. Han var regissert av D.W. Griffith. Han fortel historia om to familiar. Stoneman frå nordstatane og Cameron frå sørstatane, gjennom borgarkrigen og attreisinga etterpå.

I den andre delen av filmen som handlar om attreisinga, blir svarte menneske framstilte som rota til alt vondt. Det er ei framstilling som er vanskeleg å sjå bort frå.

For det er nettopp spenninga mellom kvalitet og innhald som gjer denne filmen så rar å vurdere. Reint produksjonsmessig er dette storvegs. Filmen inneheldt eit imponerande tal med opptak. Og er mykje meir omfattande enn anna på den tida. Han er og full av spesialeffektar, djupnefokus, jump cuts og nærbilete.

Filmen er lang. Han varte i over tre timar. Likevel klarer han å halde interessa oppe. Slaga er store. Eg hadde venta meg noko meir statisk, slik mange filmar frå denne perioden er, men tempoet er faktisk overraskande godt.

Problemet er sjølvsagt det filmen vel å fortelje. Attreisinga blir framstilt som kaos og lovløyse. Ku Klux Klan blir framstilt som ei heltemodig kraft som gjenopprettar orden. Det er ikkje berre ei feilaktig historieforteljing, det er forvrenging. Denne skeivskapen gjer at filmen engasjerer meir enn han elles ville gjort. Eg sit og blir irritert, provosert, og investert i kva som skjer vidare og lære meir om alt dette i ettertid.

Det seier noko om kor effektiv propaganda kan vere. Filmen sjølv gjer lite for å skjule kva han vil formidle.

Det er freistande å skilje mellom det tekniske handverket og det rasistiske innhaldet i The Birth of a Nation. Men kanskje er det ikkje mogleg. Skribenten bak Silent Volume (silent-volume.blogspot.com) argumenterer for at det nettopp er klippinga og måten Griffith bygger opp spenninga på, som gjer propagandaen så effektiv. Det er eit godt poeng. Eg blei imponert over kor moderne delar av filmen verkar, men det er ubehageleg å sjå kor dyktig han er til å få publikum til å engasjere seg i ei historie som framstiller Ku Klux Klan som heltar.

Eg sit att med eit blanda inntrykk. Teknisk og måten han fortel historia på er imponerande. Som historieformidling er han feilaktig og rasistisk. Begge delar er sanne. Filmen fortener å bli sett, fordi han seier noko viktig om kva film kan gjere, i beste og verste fall.