Brørne Jake og Elwood Blues har elleve dagar på seg til å skaffe 5000 amerikanske dollar for å redde barneheimen dei vekste opp på. For å få til dette vil dei samle det gamle musikkbandet sitt og tene pengane på konsert.
The Blues Brothers er basert på Saturday Night Live-karakterane til John Belushi og Dan Aykroyd. Det er film med mange musikalske innslag, prominente personar i sentrale roller og ein sprø, direkte og unstrengt form for humor. Med det meiner eg at dei komiske innslaga ikkje framstår som desperate forsøk på å mane til latter, men gir inntrykk av å vere mykje improvisasjon.
Det har tatt meg mange år å sjå The Blues Brothers. Eg har sett innslag av filmen, men har aldri hatt interessa til å sjå heile. Eg blei ikkje overraska over at eg ikkje likte filmen så godt. Humoren har eg sansen for, og eg set stor pris på blant anna den ville biljakta. Det er historia og måten musikken blir presentert på som tar knekken på dette for meg. Det er i stor grad kjedeleg.