Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Boat (1921)

The Boat

Film
3

Buster Keaton spelar ein familiefar som tar med seg familien på båttur i The Boat. Reisa startar i kjellaren, der han har bygd båten, og allereie der startar problema. Problema med båten og inkompetansen til Buster Keaton som kaptein følger filmen. Det blir sjøsetting, båttur i storm og til slutt søkk båten.

Komedien er små ting undervegs, stort sett enkel fysisk action i typisk Buster Keaton-stil. Eit par ville og imponerande stunt krydrar til. Eg så filmen på nett i dårleg kvalitet og måtte velje musikk sjølv, og synest ikkje dette var den store opplevinga. Men delar av filmen gjorde sitt til at eg trakk på smilebandet. Uansett er ikkje dette verken den beste fysiske komedien eller historia i ein Buster Keaton-film.

Walter Biggins på Quiet Bubble (quietbubble.wordpress.com) finn også varme i den håplause båtturen. Han meiner familien held saman med ei vennleg innstilling, sjølv når det meste går gale, og at dette gir dei fysiske påfunna meir liv. Eg blir ikkje like begeistra for heilskapen, men det er ei fin lesing av inkompetansen. Buster Keaton prøver å løyse problema med ei sjølvfølge som stadig skaper nye.