The Boat - Filmdagbok

The Boat 1921

Buster Keaton spelar ein familiefar som tar med seg familien på båttur i The Boat. Reisa startar i kjellaren, der han har bygd båten, og allereie der startar problema. Problema med båten og inkompetansen til Buster Keaton som kaptein følger filmen. Det blir sjøsetting, båttur i storm og til slutt søkk båten.

Komedien er små ting undervegs, stort sett enkel fysisk action i typisk Buster Keaton-stil. Eit par ville og imponerande stunt krydrar til. Eg så filmen på nett i dårleg kvalitet og måtte velja musikk sjølv, og synst ikkje dette var den store opplevinga. Men deler av filmen gjorde sitt til at eg trakk på smilebandet. Uansett er ikkje dette verken den beste fysiske komedien eller historia i ein Buster Keaton-film.