Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Bone Snatcher (2003)

The Bone Snatcher

Film
2

The Bone Snatcher er ein britisk-kanadisk skrekkfilm frå 2003, regissert av Jason Wulfsohn. Ein forskar og eit redningsteam blir sende ut i Namibia-ørkenen etter at gruvearbeidarar har mista radiokontakt. Det dei finn er berre skjelett og spor som leier mot noko ukjent.

Parallellane til The Mummy er tydelege. Oppsettet er det same. Vestlege vitskapsfolk leitar på ein fjern og farleg stad. Ein fiende som vekk opp frå sanden. Ei blanding av action og skrekk. Eit passe original vesen dukkar opp, men opplegget elles er nokså rett fram. Ein etter ein dør dei som er med.

Det kunne vore meir stemning, meir av den isolerte kjensla eg forventar i eit slikt miljø. I staden blir det mest standard. Effektane varierer.

På Black Horror Movies (blackhorrormovies.com) får sjølve monsterideen ros som både godt uttenkt og godt gjennomført. Ørkenen blir òg trekt fram som eit fint alternativ til den vanlege jungelen. Eg ser noko av den same moglegheita, men synest ikkje omgjevnadene blir brukte godt nok til å skape isolasjon og stemning. Eit særprega vesen kan gi filmen ein idé å bygge på. For meg er ikkje det nok når resten av opplegget blir så standard.

Det er svak underhaldning av B-film-typen. Filmen lovar ikkje meir enn den leverer, så det er jo greitt. Ikkje noko eg vil hugse lenge.