Det startar som ei vanleg kriminalhistorie. Fleire kvinner blir funne drepne i Boston, alle saman kvelte i sin eigen heim, utan teikn til innbrot. Ettersom spreiinga av drapa er over fleire politidistrikt kan ikkje politiet etterforske på vanleg vis, og ei spesialgruppe med jusseksperten John S. Bottomly (Henry Fonda) i sjefsposisjon blir danna.
Etterforskinga blir følgd på vanleg vis, eller ikkje heilt vanleg i filmsamanheng. The Boston Strangler tar i bruk dokumentariske verkemiddel for å gjere det interessant og ekte. Den første timen viser flittig bruk av delt skjerm av ymse slag for å vise kva som skjer samtidig, nesten som i 24. Innimellom dukkar også mordaren opp, og nye personar blir offer.
Halvveges så forandrar filmen struktur. Frekvensen av delt skjerm blir tona ned og filmen blir meir ein psykologisk thriller enn eit kriminaldrama. Og det til det betre. Det var her eg verkeleg byrja å fatte interesse for filmen. Sjølv om han er inspirert av ei sann historie så er han svært så oppdikta, og det kan vere greitt å vite om filmen at han legg til fleire element som ikkje har noko med den ekte historia om Albert The Strangler DeSalvo å gjere.
Men så er dette ein film, og det er ein god film som eg vil anbefale. Han er spennande, byr på enkelte uventa vendingar. Har ein del interessante fakta og generelle opplysningar om politiverksemd, som eg håper stemmer. Klippinga mellom ulike scener var effektiv, men også ein del av svakheita til filmen, for det kan bli for mykje av det gode, og nokon av rutene blei så små at nærleiken dei prøvde å oppnå med objekta sine forsvann i rotet.