The Bourne Ultimatum - Filmdagbok

The Bourne Ultimatum 2007

Eg har sansen for Bourne-filmane. Denne tredje filmen med Matt Damon som Jason Bourne leverer like godt som dei to førre filmane.

Oppskrifta er nokolunde lik som tidlegare. Det er ein actionthriller om ein fyr som må sleppe unna ein organisasjon som prøver å drepe han.

Det er i samband med at ein London-basert journalist har avdekka informasjon om eit hemmeleg prosjekt, og at Jason Bourne skal møte han, at det har sitt utspring.

Det er den heseblesande, kvikke, kanskje litt europeiske stilen som har gjort Bourne-filmane til favorittfilmar hjå meg. Det er tøft og har ein snev av realisme, men det er ikkje mørkt og dystert. For samtidig som filmen har ei seriøs historie, er han ute etter å underhalda godt.