Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Boys & Girls Guide to Getting Down (2007)

The Boys & Girls Guide to Getting Down

Film
2

The Boys & Girls Guide to Getting Down tar sikte på å orientere oss i utelivet i Los Angeles. På ein humoristisk og systematisk måte får me eit innblikk i korleis folk oppfører seg før fest, på fest og etter fest.

Med allvitande forteljarstemmer og forklarande grafikk i retro dokumentarånd blir me med ut på byen. The Boys & Girls Guide to Getting Down tar for seg alt frå dei anbefalte rusmidla til korleis du skal dumpe overnattingsgjesten din dagen etter.

Filmen såg morosam ut på papiret. Den britiske serien Look Around You har vist at et tilsynelatande seriøst blikk på over kanten innhald kan vere gøy. Unge menneske, dryg festing og anna bråk lagar god stemning og blir sett pris på. Men det er ikkje nok for ein og ein halv time. The Boys & Girls Guide to Getting Down blir for lite engasjerande i lengda med kapittelinndelinga si.

Sånn sett blir filmen meir som The Mating Habits of the Earthbound Human. Ein film som kom i 1999, som prøvde på eit humoristisk og vitskapleg blikk på naturen til menneske sett utanfrå, og han mislykkast.

Eg hadde håpa at The Boys & Girls Guide to Getting Down skulle oppnå ein betre kontakt mellom meg og dei involverte. Men talet på personar som bidrar til å fortelje historia er for mange. Karikerte figurar har spesifikke funksjonar, og det var ikkje etter min smak.

Eric Campos får langt meir ut av den spreidde gjengen på Film Threat (filmthreat.com). Han meiner dei små historiene møtest til ei treffande og morosam skildring av festlivet. Eg saknar at personane blir interessante nok undervegs. Den påstått saklege presentasjonen er ein god idé, men for meg er det ikkje nok at alle figurane fyller kvar si oppgåve i guiden.

Det filmen er god på er å dikte opp eigne sanningar og vere dryg utan å ty til eksplisitte scener. Det er ikkje nok til å bli ein god film, men det er nok til å forhindre han frå å bli dårleg heller.