Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Break-Up (2006)

The Break-Up

Film
3

Rundt tida for premieren av denne filmen var det ein del snakk om dette som gjennombrotet til Vince Vaughn i Hollywood. Men for alle som har følgt nok med dei siste åra så blir det feil å seie det på den måten.

Sidan slutten av 1990-talet og utover har rollene til Vince Vaughn, med enkelte unntak, blitt større og større, og å få ei slik rolle som i denne filmen ser eg difor på som ei logisk utvikling. Ordet gjennombrot gir inntrykk av at fyren ikkje har gjort noko som er verdt å legge merke til før. Det vil nok enkelte påstå. Eg avskyr ikkje Vince Vaughn på dårleg grunnlag. For meg har han vore ein viktig skodespelar i mange filmar og ein sentral person i The Frat Pack.

På ei anna side kan eg vere einig i delar av påstaden om dette som eit gjennombrot. Fyren har både ei hovudrolle og unngår eit desperat forsøk på å vere morosam. Det siste er veldig viktig, ettersom litt av problemet i The Frat Pack-filmane er dei desperate forsøka på å vere morosam over heile linja.

Frå Vince Vaughn til filmen. I motsetnad til dialogane som filmen i går med Jennifer Aniston fokuserte på, er det her meir handling og tydelege kjensler med i bilde. Det heile baserer seg på at to sambuarar, Gary Grobowski og Brooke Meyers, slår opp. Filmen følger dei kommande forsøka deira på å såre den andre personen, sidan dei ikkje vil vere den svake parten.

Det flotte med dette som ein komedie er at det ikkje blir prøvd å skape hysteriske stunder heile tida for å halde interessa oppe. Filmen balanserer seg godt heile vegen, og klarar å halde den seriøse undertonen, samt at han ikkje trår i fella med å bruke karikaturar som overgår realistiske personar.

Forsøket på å gjere noko anna blir også anerkjent av Scott Mendelson på Mendelson’s Memos (scottalanmendelson.blogspot.com), men han synest hovudpersonane er for lite sympatiske til at forholdet engasjerer. Der fungerer filmen betre for meg. Dei sårande påfunna blir ikkje berre ein serie vitsar, men held fast ved ei alvorleg side. Vince Vaughn og Jennifer Aniston får dessutan nok truverd ut av rollene til at eg godtek denne balansen.

Det finst mange ting å trekke ned på filmen, og alt eg har nemnt over stemmer ikkje på heile filmen. Dette er og blir ein film som er laga for å selje, det er ikkje til å unngå. Men han tar ei anna form enn det eg er van med frå slike filmar, og det skal han få eit pluss for. Mitt andre pluss vil gå til Vince Vaughn og Jennifer Aniston, dei gir gode rolleprestasjonar.