
The Brothers Grimm
Trass i at eg ikkje likte denne filmen så altfor mykje, så har eg no sett han igjen. Nytt frå førre gang var at eg no visste kven Peter Stormare var etter å ha sett ein del Prison Break, så rollefiguren hans blei artigare å følge med på.
Eg hadde også undertekstar til filmen, så det eg var usikker på sist, fekk eg no med meg i detalj.
Mot slutten, når det var rundt 30 minuttar igjen, blei eg veldig utålmodig, til ein grad eg ikkje har vore på lenge når det gjeld å sjå film. Eg klarte likevel å få sett alt.
Gene Phillips på Naturalistic! Uncanny! Marvelous! (nummtheory.blogspot.com) meiner brørne har for lite eigne overtydingar, slik at dei blir førte vidare av det handlinga krev. Han finn også eventyrreferansane nokså lausrivne, sjølv om skodespelarane tilfører litt sjarm. Det gir ei mogleg forklaring på kvifor meir kjennskap ikkje hjelper meg særleg. Eg får med meg meir av detaljane denne gongen, men blir likevel stadig meir utolmodig etter å kome til slutten.
