The 'Burbs - Filmdagbok

The 'Burbs 1989

Midt i USA i eit typisk amerikansk nabolag bur Ray Peterson (Tom Hanks). Vel, så altfor typisk er det ikkje, noko eg kjem tilbake til etter kvart. Ray har ferie, og har valt å ta ferien heime for å sleppe maset med reising. Men på grunn av den fantasifulle naboen Art (Rick Ducommun) blir ferien langt frå roleg. Saman med eks-militant Mark (Bruce Dern) går dei etter den nye mystiske nabofamilien som flytta inn ved siden av Ray for ein månad siden, og som dei sidan ikkje har sett snurten av.

Det heile startar på klassisk Alfred Hitchcock-vis, som i Rear Window, med keisemda ein mann har i sommarvarmen, og trongen til å finne noko å bli engasjert i. Men her sluttar og likskapen, for der Alfred Hitchcock har klart å lage ein nervepirrande film blir dette berre eit komisk skode som fort dabbar av.

Stort sett heile filmen byggjer på skape ei mystisk stemning ved å bruke eit falleferdig hus, orgelmusikk, skjult aktivitet i kjellar og slike greier. Det er nok meint å vere meir morosamt enn skummelt, det er det ingen tvil om. Men eg trur dei som får mest ut av denne er dei av yngre alder som får både humor og ei uhyggelege stemning ut av det.

Eg skal ikkje avfeie at det var ein affære som ikkje var morosam, delar av filmen fekk meg nok til å le. Men forutan dette er filmen ribba for ting eg finn interessant eller har glede av. Det blir difor langdryge, og etter halve filmen ser eg heller ikkje særleg fram til slutten, uansett korleis det skulle ende. Skal eg oppsummere i eit ord blir det banalt, litt humor altså, men mest tamt.