Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Cabin in the Woods (2012)

The Cabin in the Woods

Film
3

Starten er tam og føreseieleg, med ein gjeng uinteressante ungdommar som rotar rundt i skogen. Ei handling som liknar mest på ein parodi av eldre skrekkfilmar. Filmen gir tidleg mange hint om kva som eigentleg skjer, og spenninga forsvinn før ho får bygge seg opp. Humoren glimtar til innimellom, men dialogen er ofte for banal til å halde interessa oppe.

Mot slutten skiftar tonen brått. Plutseleg kjem ein overflod av monster, blod og rein galskap. I eit kaos av kostyme og effektar som er ganske så rotete. Det er på sett og vis kreativt, og kanskje litt uvanleg. Men det er også ei rask avrunding av idear som eg kunne tenke meg eit betre djupdykk i. Dei mest interessante ideane blir det berre skrapa i overflata i. Filmen endar opp med å vere meir konsept enn gjennomføring.

Eg blir sittande att med ei kjensle av at filmen kunne vore noko langt betre om han hadde teke seg tid til å bygge opp både verd og karakterar, før han går over i galskapen.

Dei velkjende skrekkgrepa er sjølve gleda på The No-Name Movie Blog (nonamemovieblog.wordpress.com). Skribenten ser filmen som ei kjærleikserklæring til sjangeren, der attkjenninga og den store monsterfinalen er høgdepunkt. Eg fekk mindre igjen for leiken. Å forstå kvifor klisjeane er der, gjer dei ikkje automatisk meir spennande, og eg sakna framleis ei betre utvikling av dei interessante ideane.