The Campaign - Filmdagbok

The Campaign 2012

Kongressmannen Cam Brady (Will Ferrell) er i ferd med å stille til val for sin femte periode, då ein affære fører til skandale.

Folka han har i ryggen tyr til lansering av ein ny kandidat, Marty Huggins (Zach Galifianakis), sidan Brady søkk på popularitetsbarometeret.

Det endar opp med å bli ein kamp mellom desse to kandidatane. Med mange feilsteg av komisk art undervegs. Som vippar fordelen fram og tilbake mellom desse to.

Som du kan forvente av ein film der Will Ferrell og Zach Galifianakis spelar mot kvarandre, er dette ein reindyrka komedie, og ein tåpeleg og litt kjedeleg såleis. Filmen viser ein enkel og bøllete konflikt, og stikk ikkje særleg djupt med gode poeng som eg meiner han burde.

Det som i hovudsak gjer at eg ikkje blir stor fan av dette er at humoren er litt tam, og at karakterane ikkje skin spesielt sterkt.