Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Cat from Outer Space (1978)

The Cat from Outer Space

Film
3

Ein katt frå verdsrommet er ikkje noko dårleg utgangspunkt for ein Disney-film. The Cat from Outer Space er klassisk familieunderhaldning med eit dyr i sentrum. Eg synest det er artig å sjå kor mykje filmen får til rundt katten.

Eit romskip landar på jorda, og piloten ser ut som ein heilt vanleg katt. Han treng hjelp til å komme seg vidare. Menneska rundt han har ikkje nødvendigvis like god oversikt som det vesle romvesenet.

Eg har også glede av å sjå Harry Morgan og McLean Stevenson i same film. Begge er kjende frå M*A*S*H, og det gir meg noko ekstra her, som fan av M*A*S*H. Det er ein fin bonus i ein film som blandar komedie med romeventyr og ganske mykje tull.

Mike Long meiner på DVD Review (dvdreview.com) at effektene har blitt gamle, men at filmen framleis er morosam og aldri kjedeleg. Han har også mykje godt å seie om katten.

For meg fungerer blandinga greitt. Dette er underhaldning som eg har det triveleg med.