The Christmas Chronicles - Filmdagbok

The Christmas Chronicles 2018

Ein film som like gjerne kunne ha gått på kino. Det er inntrykket eg sit igjen med etter å ha sett The Christmas Chronicles.

I denne julefilmen frå Netflix møter me to barn, og skodespelaren Kurt Russell som julenissen. Natt til 1. juledag oppdagar borna sleden til julenissen utanfor huset sitt. Sleden står tom medan julenissen deler ut gåver i nabolaget. Dei klatrar om bord og gøymer seg bak i sleden, og dette blir starten på eit eventyr i lag med julenissen.

Mykje dramatikk, humor, spesialeffektar og jul er hovudingrediensane i filmen. Ein film som på mange måtar minnar meg om 1990-talsfilm for kino med barn og julenisse i. Det er nok kombinasjonen julenisse, familiefilm, barn i sentrale roller og humoren som gir meg dei assosiasjonane.

The Christmas Chronicles er på mange måtar ein solid film. Poeng for originalitet scorar han ikkje for mange av, men Kurt Russell gjer ein god figur som tøff julenisse. Resten av filmen er eit eventyr med god flyt og få kjedelege stunder. Eg forventa litt meir av denne enn dei andre nye Netflix-julefilmane frå 2018, og tykkjer filmen leverte til forventinga.