For mange år sidan såg eg The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe. Det er den første i ei rekke av nytolkingar av The Chronicles of Narnia-bøkene. Men etter kvart som oppfølgjarane kom ut, så såg eg likevel ikkje dei nye filmane. Eg var ikkje så begeistra for den første filmen, og tenkte at det var greitt å ikkje bruke tida på han.
No, mange år seinare, så er filmatiseringa av The Chronicles of Narnia-bøkene stoppa for lengst. Totalt tre filmar kom ut, og med moglegheita til å sjå dei fortløpande så blei interessa vekka på nytt. Trass i at dette er religiøst belasta litteratur, som eg ikkje har så mykje til overs for, så blei første film sett på nytt. Deretter The Chronicles of Narnia: Prince Caspian.
I denne andre filmen av tre så kjem dei fire London-barna Lucy, Peter, Edmund og Susan tilbake til Narnia. Det er gått minst eit eller fleire hundre år sidan dei var der sist, og både landskap og folk er blitt annleis. Ei krigsmakt truar Narnia, og arvingen til krigsmakta har blitt forsøkt drept fordi han ikkje støttar krigen.
London-barna har blitt kalla til Narnia med eit magisk horn, og det er prins Caspian som treng hjelp. I lag går dei krig.
For det er krig som er hovudtyngda i The Chronicles of Narnia: Prince Caspian. Når eg i skrivande stund tenker tilbake på filmen, berre få dagar etter å ha sett filmen, så er det ikkje stort meir enn krig eg hugsar. Eg forventa i grunn litt meir eventyrleg oppdaging, men dette er ein liten utforskande film. Han er ikkje direkte kjedeleg, men det er ikkje langt unna. I tillegg til mest å handle om ulike kampar, så er filmen ein del lengre enn dei to andre. Og det er kampscenene som brukar denne tida.
Med unntak av å introdusere prins Caspian, så veit eg ikkje om noko anna her er nødvendig å få med seg med tanke på framhaldet. Eg vil ikkje anbefale filmen, men det er vanskeleg å rå frå å sjå han viss målet er å få maks utteljing av The Chronicles of Narnia-filmane.