
The Chronicles of Narnia: Prince Caspian & The Voyage of the Dawn Treader
I oppfølgaren til BBC-serien The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch & the Wardrobe held me fram med å følge dei fire barna frå førre gang.
Sjølvsagt skal dei også denne gongen til Narnia, det eventyrlege landet som er for prega religiøse konnotasjonar.
Eg såg denne serien som barn og likte godt det eventyrlege og alle skapningane som dukkar opp. Gjensynet viser at denne serien enten ikkje har tålt tida så godt, eller at eg har blitt for vaksen. Eit tredje alternativ kan vere at eg i større grad gjennomskodar verdiane i serien og ikkje likar dei.
Dommen er altså ikkje positiv. Og eg vil heller ikkje gå dit hen å anbefale denne til barn. Dei bør heller bruke sin tid på noko fornuftig.
Dei kristne allegoriane får ein heilt annan verdi på Decent Films (decentfilms.com). Omtalen av BBC-versjonen frå 1989 meiner Prince Caspian er for hardt forkorta, men at The Voyage of the Dawn Treader finn både eventyrglede og moralsk innhald. Eg opplever ikkje at dette veg opp for det som skurrar ved gjensynet. Her går skiljet også i kva me ønsker av forteljinga, sidan nettopp verdiane som blir rosa der, er noko av det eg stiller spørsmål ved.
