I oppfølgjaren til BBC-serien The Lion, the Witch, & the Wardrobe held me fram med å følge dei fire barna frå førre gang.
Sjølvsagt skal dei også denne gongen til Narnia, det eventyrlege landet som er for prega religiøse konnotasjonar.
Eg såg denne serien som barn og likte godt det eventyrlege og alle skapningane som dukkar opp. Gjensynet viser at denne serien enten ikkje har tålt tida så godt, eller at eg har blitt for vaksen. Eit tredje alternativ kan vere at eg i større grad gjennomskodar verdiane i serien og ikkje likar dei.
Dommen er altså ikkje positiv. Og eg vil heller ikkje gå dit hen å anbefale denne til barn. Dei bør heller bruke sin tid på noko fornuftig.