The Cider House Rules - Filmdagbok

The Cider House Rules 1999

Lasse Hallström er blant dei flinke til å filmatisere bøker til flotte, seriøse, men akkurat passe lette drama. Blant filmane han har regissert er det nesten utelukkande gode blant dei eg har sett. Og The Cider House Rules hamnar blant dei.

Med ei historie lagt til tidlegare tider og som omfattar seriøse tema og situasjonar, så evnar Lasse Hallström også her å hente ut og vise dei flotte sidene. Nok til at det blir ein balanse mellom det gode og tragedien. Kanskje tar filmen litt for lett på deler innanfor det alvorlege, men eg følte ikkje for å vere kritisk når eg så han.

Tobey Maguire spelar ein ung mann som har vakse opp på ein barneheim og ønsker å oppleve litt av verda utanfor. Dette handlar om haldninga hans til dei alvorlege tinga som skjer i samtida. Han evnar å sjå løysingar, utvegar, gjere ein innsats og få livet til å gå vidare. Sånn sett blir The Cider House Rules aldri for tung.

Det er litt rørande, litt å engasjere seg i, men og ei flott og annleis kjærleikshistorie mellom Tobey Maguire og Charlize Theron som gjer filmen til ei god oppleving.