
The Circle
The Circle er ein film som forsøker å vere kritisk mot sosiale medium. Eller for sosiale medium. Det er ikkje godt å seie. Men det tar heldigvis ei god stund ut i filmen før denne sausen av rådlause blir synleg.
Emma Watson spelar ei ung kvinne som får jobb med kundesupport i eit stort teknologifirma. Her ser eg for meg ei blanding av alle dei store, som Apple, Facebook og Alphabet. Selskapet held på med ei plattform for sosiale medium og med teknologiutvikling. Kvinna er litt skeptisk i starten, men blir etter kvart med på det selskapet preikar. Det inneber også ein sosial bedriftskultur av ei anna verd.
Ei stund var eg spent på om kvinna skulle halde fram med å vere skeptisk og kanskje utvikle seg til å bli kritisk. Men det verkar som ho mistar taket. Eller gjer ho det? Det er ikkje godt å seie.
Fiona Underhill på JumpCut Archive (jumpcutarchive.wordpress.com) reagerer på kor brått Mae går frå skepsis til å godta at livet hennar blir filma. Ho meiner denne endringa manglar truverdig oppbygging. Det er mykje av det same som gjer meg usikker på karakteren. Filmen har eit interessant utgangspunkt, men når me ikkje forstår vala hennar, blir det også vanskelegare å forstå kva historia vil seie.
Det er vel sånn at filmen ikkje er tydeleg nok på karakterane sine. Då blir det ikkje så spennande som det kunne ha blitt. Og slutten sår tvil om så mangt eg kan ha tenkt meg fram til i si utydelege formidling. Så eg veit ikkje heilt kva eg skal tru om The Circle. Anna enn at han hadde trengt litt meir arbeid.
