
The Client
The Client er eigentlig halvveges gløymt allereie rett etter eg såg han ferdig. Det var ein grei film å sjå, med ei god nok historie. Men eg trur at filmen sine delar var så vanlege og typiske at ikkje noko spesielt stod seg ut i filmen.
Det handlar om ein ung gut som er vitne til eit sjølvmord. I ettertid vil FBI ha han inn til avhøyr. Som tittelen viser til, så skaffar han seg ein advokat. For FBI er ikkje dei snille folka her.
Og mafiaen ønsker å stilne han. Samt at guten sjølv ikkje alltid tek dei beste vala, men det er ei fortid og eit miljø her som bygg godt opp under dette.
Så med tanke på historie og oppbygging så er det på plass. Og skodespelarane er stort sett flinke, sjølv om nokon av karakterane er litt for mykje. Å sjå filmen går bra det. Det var lite eg mislikte. Men det var berre ikkje noko som heva filmen til å bli verkeleg bra.
Gode skodespelarar kan gi liv til velkjende typar. Jesters Reviews (jestersreviews.com) meiner at Susan Sarandon gjer den nokså vanlege advokatrolla til eit eige menneske, og at forholdet mellom henne og guten er filmen sin styrke. Skribenten er meir kritisk enn eg til kor truverdig thrillerhandlinga er. Det er ein nyttig skilnad. Me ser begge mykje godt arbeid, men det er ikkje nødvendigvis nok til å løfte historia som heilskap.
