Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Color Purple (1985)

The Color Purple

Film
3

The Color Purple frå 1985 er regissert av Steven Spielberg og følger Celie, ei svart kvinne i Georgia, frå 1909 til 1947. Gjennom brev til Gud og systera Nettie fortel ho historia si om å overleve overgrep og finne styrke.

Steven Spielberg sat i regissørstolen. Han var på det tidspunktet mest kjend for store underhaldningsfilmar som Jaws, Raiders of the Lost Ark, E.T. the Extra-Terrestrial. Mange lurte på om han var rett mann til å fortelje denne historia.

I hovudrollene finn me Whoopi Goldberg som Celie. Saman med Danny Glover, Margaret Avery, Rae Dawn Chong og Oprah Winfrey.

Filmen luktar storstilt Hollywood-produksjon heile vegen. Det polerte, det velforma, det som skal vekke kjensler på kommando. Det syner. Ikkje alltid til det gode. Historia til Celie er rå. Eit slikt uttrykk passar dårleg i lag med ein produksjon som ser ut som pengar og prestisje.

Sentimentaliteten til Steven Spielberg kan sjølvsagt også sjåast som ein styrke. Det er i alle fall slik skribenten bak Reviews of the Bosch (reviewsofthebosch.blogspot.com) opplever filmen. Kontrasten mellom dei vonde opplevingane til Celie og dei lysare augneblikka skal gjere historia meir verknadsfull. Eg opplever heller at desse skifta i tone gjer det vanskeleg å finne fotfeste i første halvdel. Det er som om filmen ikkje heilt vågar å bli verande i det mørke.

Første halvdel slit med dette. Filmen brukar lang tid på å etablere den tunge livssituasjonen til Celie. Det er nødvendig, men tempoet er ujamt. Dei dramatiske sekvensane sit ikkje alltid. Eg får ikkej tak på kor mørk filmen har tenkt å vere. Det fører til ein halvdel som er både mørk, lystig, kald og emosjonell.

Andre halvdel er ein annan ting. Når Celie endeleg begynner å reise seg, og linjene i historia går mot kvarandre, då kjem filmen meir til sin rett. Investeringane i rollefigurar og relasjonar betalar seg her. Eg forstår kvifor alt det tidlegare var nødvendig å formidle på eit vis, men er ikkje heilt nøgd med måten det blei gjort på.

The Color Purple er ikkje ein dårleg film. Han er ein film med høgdepunkt og eit material som er sterkt. Men han hadde truleg tent på eit litt råare uttrykk.