
The Conqueror
Filmen fokuserer på det tidlege livet til Djengis Khan før han kjem til makt. Avgrensinga i tid sørger for å halde historia tett og kanskje òg unngå store avvik frå historiske fakta.
Etter kvart som forteljinga utviklar seg, blir publikum presentert for spennande krigsstunt og gode kampscener. Hovudrollene blir spela av John Wayne og Susan Hayward, og sjølv om det ikkje er med nokon kjente orientalske skodespelarar, leverer filmen gjennomføring av både sminke og kostyme. Sjølv om det er noko komisk å sjå John Wayne med mongolske trekk.
John Wayne treff greit. Susan Hayward si rolle eg òg interessant. Dialogane er enkle og presise, noko som hjelper å halde fokus på handlinga. Men i blant er dei litt for enkle og står i kontrast med det viktige som blir formidla. Delar av filmen verkar som ein påkosta produksjon med titals hesteridande krigarar i same bilete. Andre gonger verkar dette som noko avgrensa og rimelege saker. Omgivnandane osar ikkje av Mongolia heller.
Tim på Just Hit Play (tobrien10.blogspot.com) er langt hardare mot filmen enn eg er, særleg mot den stive dialogen og John Wayne i hovudrolla. Men han finn òg noko å rose i storleiken på kampscenene og stuntarbeidet med dei mange ryttarane. Der møtest me litt. Filmen fungerte for meg som lett underhaldning, og dei påkosta partia hjelper, sjølv om det ikkje er vanskeleg å sjå kvifor andre mistar tolmodet med resten.
Filmen har sine utfordringar. Men eg likar tonen og historia, som eg kjenner til frå andre kjelder. John Wayne er langt frå sitt beste her, men fungere. Filmen kan sjåast på som lett underhaldning.
