
The Counselor
Med The Counselor er det ikkje godt å vite kva regissøren Ridley Scott har forvilla seg bort i. Det er hans svakaste film sidan Legend.
Basert på eit manus av Cormac McCarthy, som elles har skrive bøker som har blitt til fantastiske filmar som The Road og No Country for Old Men.
Det er mykje som ikkje klaffar med The Counselor. Men og ting som er gode. Som Brad Pitt sin opptreden. Actionsekvensane og valden er godt utført. Men dialogen, praten om kvinner og sex, her feilar filmen fullstendig. Og ikkje på grunn av at det er med, men fordi det verkar som ein kåt tenåring som har skrive det.
Hadde dette blitt gjort på ein god måte, så hadde filmen kunne framstått som både dristig, provoserande og ei skildring av ein type menn. Men det blir dårleg bearbeidd og pakka inn, og feilar fullstendig.
Ei heilt anna vurdering finn ein hjå M. Mania på I Wake Up Screening (iwakeupscreening.blogspot.com). Omtalen forsvarar filmen som ein mørk noir om menneske som blir medskuldige i valden gjennom pengar og narkotikahandel, og rosar både manuset og skodespelet. Eg ser kva filmen kunne ha fått til med dette, men blir ikkje overtydd av utføringa. For meg står særleg dialogen i vegen for den provoserande krafta.
Feilar gjer elles også rollen til Cameron Diaz, og den vanlegvis gode Michael Fassbender får ikkje stort å jobbe med i hovudrolla si.
Dette er ikkje verdt å bruke tida si på, trass i mange namn med tyngde både framfor og bak kamera.
