The Cowboy and the Frenchman - Filmdagbok

The Cowboy and the Frenchman 1988

The Cowboy and the Frenchman er i hovudsak ingen kortfilm åleine, men eit segment frå Les Français vus par, ei samling ulike framstillingar om franskmannen som person. Me har hoppa frå tidleg 1970-tal i dei første kortfilmane til David Lynch, og til seint 1980-tal.

Harry Dean Stanton dukkar opp her, og for folk som har sett Twin Peaks vil òg andre ansikt vere kjente. Borte er forstyrrande surrealisme til fordel for komedie og vektlegging på klisjear når cowboyen møter franskmannen.