Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Curse of the Jade Scorpion (2001)

The Curse of the Jade Scorpion

Film
3

The Curse of the Jade Scorpion var i lag med Anything Else blant dei første filmane av Woody Allen eg såg, og sjølv om han er eit stykke i frå å vere den beste, så er det ein morosam og god film.

Woody Allen spelar mot Helen Hunt. Han som etterforskar CW Briggs for eit forsikringsselskap, ho som effektiviseringskonsulent Betty Ann Fitzgerald for det same selskapet. Frå første stund er dei bitre fiendar.

Då dei begge deltek i eit hypnotiseringsnummer, blir dei i ettertid offer for dei kriminelle planane til hypnotisøren. Hypnotisøren blir spelt av ein smått legendarisk David Ogden Stiers frå M*A*S*H.

Filmen kan kallast ein slags kriminell forviklingskomedie. Alle korta ligg på bordet under forteljinga, så det går meir på smart dialog enn lure vriar. Denne ærlege og opne stilen er nok meir Woody Allen enn det motsette, og passar såleis. Den smarte dialogen kunne med fordel ha vore spissare, men går heim hjå meg.

Gregory Avery på Nitrate Online (nitrateonline.com) ser filmen som ei godmodig helsing til eldre mysteriekomediar, der ordskiftet mellom hovudpersonane er like viktig som brotsverket. Han trekker også fram David Ogden Stiers som eit godt val til hypnotisøren. Det er nettopp denne opne leiken med sjangeren eg likar. Eg veit stort sett kvar det ber, men har glede av å høyre personane snakke seg både inn i og ut av problema.

Det beste med filmen endar opp med å bli den ærlege stilen som får sitt utspel gjennom det karakterane seier og gjer utan filter.