Darjeeling er eit område i India, kall det fylke eller delstat, dit brørne Francis, Peter og Jack Whitman (Owen Wilson, Adrien Brody, Jason Schwartzman) reiser i lag for å finne seg sjølv og kvarandre i regi av eldstemann Francis sine planar om ei spirituell oppleving.
Forholdet dei tre i mellom er smått anstrengt i mangelen på tillit, handlinga går føre seg eit år etter døden til faren, noko dei endå er prega av. Francis har nyleg køyrt motorsykkel i ein fjellvegg, Peter går med faren sine briller sjølv om han får hovudverk av dei og Jack har flytta til Europa for å komme vekk frå alt og alle.
Turen gjennom India utviklar seg etter kvart til å bli noko anna enn Francis forventa. Det er kanskje ikkje den største overraskinga for publikum at planen om å oppleve tempel og lære og stole på kvarandre, kanskje går i vasken, men Wes Anderson legg aldri skjul på at han berre har valt ein annan veg mot same mål for karakterane sine.
Måten Wes Anderson gjennom heile filmen vel å avslutte episodar før forventingane er oppfylt, utan å definere gangen på førehand, kjem tydeleg fram når Jack les høgt frå ei historie han har skrive slutten, men ikkje starten på. Dette fungerer også som er ei sterkare tilknyting til Hotel Chevalier.
Denne måten alt i både Hotel Chevalier og The Darjeeling Limited er knytt saman på kjenner eg som Wes Anderson sin signatur, symbolikk i farger og gjenstandar, utprega kameraarbeid, skodespelarane og valet av musikk er andre aspekt som lett glir inn i måten mannen lager film på og som eg har lært meg å verdsette, og som absolutt er til stades i The Darjeeling Limited.
For min del overgjekk denne forventingane mine og eg sette pris på at varmen i filmen kjem fram mellom alle detaljane og avstikkarane Wes Anderson har valt å trekke fram.