Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Darkest Minds (2018)

The Darkest Minds

Film
3

The Darkest Minds er basert på første bok i ein bokserie om ungdommar med overnaturlege krefter. I skrivande stund, to år etter at filmen kom, har ikkje ei filmatisering av den andre boka i bokserien byrja.

Den lettaste måte å kategorisere og forklare kva type film dette er, er å putte han i same bås som The Hunger Games-filmane og Divergent-filmane. Det er ein ungdomsfilm om ei dystopisk verd kor alle unge enten er døde eller har overnaturlege krefter som dei vaksne ser på som ein trussel.

Tid og miljø for filmen er relativt nær til vår eiga, berre nokre få år fram i tid.

Eg skrudde ikkje hjerne nok på undervegs til å forsøke å fange opp kva det er denne filmen vil seie. Eg var innstilt på han som lettare underhalding, og tykker det fungerer godt. Han er grusam nok til at det ikkje blir for tamt. Men ein del stader er han så enkel og dum at det kan irritere. Det beste eg kan seie om totalen er at han er midt på treet.

Som lesar av bøkene hadde Amy på A Fangirl’s Opinion (afangirlsopinion.wordpress.com) høgare forventingar. Ho likar rollebesetninga og humoren til karakteren Chubs, men meiner relasjonane blir forhasta og manuset ikkje gir skodespelarane nok å arbeide med. Likevel finn ho filmen underhaldande. Det er interessant at me kan vere nysgjerrige på meir frå denne verda, sjølv om denne filmen ikkje når heilt fram.

Det er likevel ei oppdikta verd eg er nysgjerrig på. Det skal filmen ha. Så eg håpar på ein oppfølgar snart, og vil nok sjå han når sjansen byr seg.