Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Day After (1983)

The Day After

Film
4

The Day After, viss tittel ikkje må bli forveksla med den middelmåtige The Day After Tomorrow, er ei grafisk skildring av kva som skjer etter eit atombombeangrep. Laga for tv-stasjonen ABC i 1983 gjekk filmen over til å få kinodistribusjon i blant anna Noreg året etter, dette gav meg håp og forventingar til ein god film. På skodespelarsida har me dessutan John Lithgow, John Cullum frå Northern Exposure og Amy Madigan frå Carnivàle, for å nemne få.

Tittelen viser tydeleg at etterverknadene er det viktige. Likevel er det rett å bruke tid på å bygge opp til det uunngåelege atombombenedslaget. Det gir scenarioet truverd og skapar sterke kjenslemessige augneblinkar utover i filmen.

I staden for å køyre på med lykkelege kjernefamiliar og lystig musikk i fem minutt går det faktisk ei god stund med noko som kjennest lik ein pilotepisode for ein dramaserie med oppbygging til noko større, før alvoret rammar for fullt. Med radio- og tv-sendingar der snakk om invasjonen til Sovjetunionen av Vest-Tyskland er sentral og med filmplakat og handlingsoppsummering rundt omkring kjem ingenting som ei overrasking. Likevel, når dei første soppane sprett opp er det med frysningar langs ryggen eg ser det skje.

The Day After er først og fremst ein spelefilm. The War Game frå 1965 tar for seg eit liknande scenario i dokumentarisk stil. Her er karakterane viktige, saman med det autentiske uttrykket. Som sagt er dette ei grafisk skildring. Med tanke på at det er øydeleggingar, ser det meste verkeleg lekkert ut. Sett på med alvor er situasjonen håplaus og skremmande, og filmen har ein sterk politisk bodskap. Rulleteksten stadfestar bodskapen.

Mengda menneske er noko Eric Raymer trekker fram på Dorkosphere (dorkosphere.wordpress.com). Han meiner filmen skil seg frå historier om ei lita gruppe overlevande ved å vise eit heilt samfunn fullt av folk som treng hjelp. Det er eit godt poeng. Karakterane me har blitt kjende med, er del av noko mykje større, og nettopp det gjer at katastrofen får meir tyngd enn om filmen berre hadde vist øydelagde bygningar.

Tona ned bruk av musikk er med på å bidra til det grafiske fokuset og bygge opp rundt temaet i det som kan seiast å vere ein publikumsvennleg film. Til å vere tv-produsert overraska han meg positivt på alle måtar og kan trygt bli samanlikna med ein ordinær film. Effektane er gode og elles er det svært lite ved The Day After som trekk i negativ retning.

Ved sidan av motkommande tog er radioaktivitet ein av tinga som skremmer meg mest. Forventingane mine til dette som ein hypotetisk film, generelt kombinert med gode filmatiske karakterar, innfrir forventinga. Eg tykte også han nyttar to timar fullt ut. Om apokalyptisk fiksjon med rot i verknadane av atomkrig høyres spennande ut er dette ei anbefaling.