Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Dead Pool (1988)

The Dead Pool

Film
3

The Dead Pool frå 1988 er den femte og siste filmen i Dirty Harry-serien. Me møter Harry Callahan (Clint Eastwood) for siste gong. Som Dirty Harry-film er ikkje dette dei heilt store greiene. Men som ein lett og underhaldande 1980-talsfilm med Clint Eastwood som har litt action, litt thriller og litt komedie så er det gode saker.

Handlinga dreier seg om eit såkalla dead pool-spel, der deltakarane tippar kva kjendisnamn som kjem til å døy. Spelet får ei dødeleg vending når nokon byrjar å arrangere drapa på personane på lista. Harry Callahan må stoppe mordaren eller mordarane, og oppdagar at han sjølv står på lista.

Med 91 minutt er dette den kortaste av dei fem Dirty Harry-filmane. Lengda passar. Filmen har ikkje den tyngda og alvoret som prega dei tidlegare filmane i serien. Han prøver heller ikkje på det. Her er det meir fokus på å servere jamn og grei action og litt skarp dialog. Clint Eastwood leverer sin velkjende persona utan at det blir smurt for tjukt på. Rollefigurane rundt han er greie nok til at historia held seg på beina.

Mysteriet rundt kven som drep folk frå lista er ikkje spesielt komplisert, og løysinga er meir funksjonell enn overraskande. Men det er actionsekvensane som løftar filmen. Det er ein biljaktscene av høg kvalitet her.

Biljakta fell ikkje i smak hos alle. Cinema Monolith (cinemamonolith.wordpress.com) meiner jakta med den radiostyrte bilen er altfor latterleg, og er mindre begeistra for filmen enn eg er. Samstundes fortel skribenten at eit gjensyn var meir underhaldande enn venta, særleg fordi Clint Eastwood igjen får vere i sentrum som Harry Callahan. Eg kjenner meg igjen i underhaldningsverdien, men tek gjerne den absurde biljakta med på kjøpet.

Humoren er til stades utan at han blir påtrengande. Filmen har litt sjølvironi. The Dead Pool har ein lettare tone enn dei tidlegare filmane.

Som thrillerfilm er han ikkje spesielt nyskapande. Som Dirty Harry-avslutning er han tam. Men som ein ukomplisert underhaldingsfilm med Clint Eastwood i aksjon, enkel spenning og litt 1980-talssjarm, fungerer han godt.